Apologetisk Forum
Ikke pålogget [Logg inn ]
Gå til bunn

Utskriftsversjon  
Forfatter: Tittel: Dei sju kongar
Theotormon
Medlem
**




Innlegg: 66
Registrert: 16-5-2005
Brukeren er frakoblet


[*] opprettet den 15-7-2005 kl 00:22
Dei sju kongar


Sitat:
Op 17,9-11
9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar:
10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund.
11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte.


Dette meiner eg kan vise til denne romerske rekkja av herskarar frå ca. 49 f.kr. til 79 e.kr.:


  1. Julius Caesar *
    ... (Republikken sine siste krampetrekningar...)
  2. Augustus
  3. Tiberius
  4. Caligula
  5. Claudius
  6. Nero
  7. Galba
    Otho
    Vitellius
  8. Vespasian


Om ein tel desse kjem ein fram til eit høgare tal enn åtte, så her må det litt oppklåring til:
Merk at konklusjonen min difor kun er ein teori om korleis dette kunne ha vore forstått, etter snart to årtusen med tapt kunnskap...


Julius Caesar
I moderne skrifter ofte utelatt frå keisarrekkja, sidan Romerriket enno var ein republikk medan han levde.
Men han var allikevel den som gjennom lovendringar steg for steg la grunnlaget for det som seinare vart kjent som det romerske keisarriket.
Han utnemnde òg seg sjølv til "Diktator på livstid", og gav oss ordet "Keisar", som etterfølgjarane hans tok til tittel.
Dette er grunnen til at han i historiske skrifter frå samtida er tilrekna tittelen som første keisar av det romerske keisarriket.
Men; det som eg trur har mest relevans i høve openberringa; Han var den første i rekkja som lot seg tilbe som gud,
og lot setja opp sitt bilete i Quirinius-tempelet med inskripsjonen "Til den uovervinnelige Gud".

Nero
Om ein tel med Julius Caesar, vert Caesar Nero den sjette i rekkja. Altså den som herska då Johannes fekk openberringa si.

Dei tre kortvarige: Galba, Otho og Vitellius
Etter at Nero tok livet sitt i '68 vart det fullt kaos i romerriket.
Det neste året er kjent som "Året med dei fire keisarane", og endte med at Vespasian tok makta.
Den første, Galba, var imot alt Nero stod for, reverserte mange av dei godene aristokratiet hadde fått, og skapte seg difor mange fiendar.
Men ein av grunnane som gjorde han verkeleg upopulær blant folket, var at han fornekta all den pomp og prakt som dei som kom før hadde omkrinsa seg sjølve med,
det finst heller ikkje nedskrive at han underhaldt den skikken som kan sporast tilbake til Julius Caesar; Proklamera seg sjølv som gud.

Med Otho var det motsett. Han satte seg som mål å byggja vidare på Nero sitt ettermæle, han gjenreiste alle bileta av Nero og skikkane han hadde introdusert.
Dette er etter min meining god nok grunn til å rekne Otho som "den som held seg berre ei lita stund", i og med at han var den av dei tre som prøvde å føre vidare den blasfemiske skikken frå forgjengarane.

Om Vitellius er enno mindre skrive, men han vart heller aldri anerkjent av heile riket som Keisar medan han regjerte, og kan difor knapt takast med i keisarrekkja.

Vespasian
Om den åttande er det skrive "og går sin undergang i møte.":
KJV: goeth into perdition
Gresk: hupago eis apoleia
Strongs: (5217) (1519) (684)

Akkurat desse greske orda har vorte vridd og vendt til å bety mykje rart, men eg vil allikevel trekkje fram tydninga av "hupago" som ein finn i Blue Letter Bible:
1) to lead under, bring under
2) to withdraw one's self, to go away, depart

Om ein les denne første tydninga inn i verset, vert meininga ein heilt anna; "leier inn i øydeleggjing."
Dette stemmer med historia, sidan Vespasian var hærførar i Judea då han vart kalt til keisar, og var han som innleia kampen mot det jødiske opprøret, som fekk ein blodig ende i år 70, med øydeleggjinga av Jerusalem og Tempelet.
Han overlot ansvaret for denne kampen til eldste son sin Titus, som i år 70 satte opp det romerske stridsbanner i det jødiske Tempelet, som symbol på den romerske keisarmakt og -tilbeding, og den ultimate Gudsfornektelse.

Men Gud hadde ein annan plan, og eit anna rike...

-

Dette temaet har det vorte skrive mangfoldige bøker om, så ein slik enkelt post vert veldig overfladisk.
Men tanken var berre å bringa fram ei tolkning som framfor alt heidra dei to viktigaste haldepunkta:
Op. 1.1; "...det som snart skal hende.", og Op. 17:10; "...éin er no".


Bakgrunnskjelder: Bibelen, Wikipedia og The Wars of the Jews.

[Redigert den 14-7-2005 av Theotormon]
Vis brukerens profil Vis alle innlegg av brukeren
Anastasis
Juniorveteran
****




Innlegg: 382
Registrert: 29-3-2005
Brukeren er frakoblet


[*] opprettet den 27-7-2005 kl 13:49


Pragtfuld læsning :eureka:



Jesus er vor eneste Herre og Ejer (Judas 1v4). Det står selv i Jehovas Vidners oversættelse.

Advarsel!!: Jeg betragtes som kætter af dette forum, og min tro placerer mig udenfor ortodoks kristendom.
Vis brukerens profil Besøk brukerens hjemmeside Vis alle innlegg av brukeren

  Gå til topp

Powered by XMB
XMB Forum-programvare © 2001-2017 XMB-gruppen