Apologetisk Forum
Ikke pålogget [Logg inn ]
Gå til bunn

Utskriftsversjon  
Forfatter: Tittel: Legen og Gudmennesket
k-mann
Veteran
*****


Avatar


Innlegg: 504
Registrert: 28-4-2004
Bosted: Stanghelle
Brukeren er frakoblet

Humør: Håpar ikkje det er Faderen , Sonen eller Anden de snakkar om... ;)

[*] opprettet den 9-10-2004 kl 21:36
Legen og Gudmennesket


I det siste har det gått ein diskusjon på GospelTalk om frelsa. Det starta ved at eg posta nokre tankar om inkarnasjonen, og ein som kallar seg Jesuitten svara. De kan lesa her (og trådane vidare):

"RE: Er kristendommen troverdig?" (k-mann)

No tenkte eg å poste nokre tankar eg har gjort meg om inkarnasjonen og Jesu frelsesverk, stort sett basert på dei tankane Jesuitten har opna opp for:

Jesu frelsesverk blir i østkyrkja sett på som det eg kallar eit «dobbelt frelsesverk», og det sentrale er inkarnasjonens paradoks: Jesus er samstundes sann Gud og sant menneske. «Det dobbelte frelsesverk» ser ein i Jesu dobbelte rolle: Gudmennesket og lækjaren.

«DET DOBBELTE FRELSESVERK»

Gudmennesket. Heile inkarnasjonen inngår i frelsesverket. Det står at Jesus måtte gjennom alt det vi måtte gjennom - men utan synd:
Hebr 4:14f:


  • «Sidan vi no har slik ein stor øvsteprest, som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvstprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår veikskap, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.»


Sidan han er sann Gud og sant menneske, så gjenskapar han menneska i Guds bilete - han opnar vegen til himmelen gjennom Guds nådige forvandling ved kjærleiken. Kulminasjonen av dette ser ein på korset, der han fullfører frelsa. Rett før døden inntraff, sa han: «Det er fullført!» (Joh 19:30), og der kunne han, gjennom inkarnasjon, død og oppstode, føre menneska saman att med Gud - han er den andre/siste Adam.

«Når eg vert lyft opp frå jorda,» seier Jesus, «skal eg dra alle til meg.» (Joh 12:32) Dette betyr at heile den menneskelege natur blir tatt opp i guddommen - og frelst. Eller som kyrkjefaderen Ignatius sa det: «Gud vart menneske for at menneske kunne bli gud.»

Dette kan vi ta imot, viss vi vil, og det får meg til å tenke tilbake til eit møte på eit gamalt bedehus. Der var det ein som hadde tale, og han tok opp det «problemet» som ofte er i protestantiske miljø; at ein alltid skal ha ein dag ein vart frelst eller omvendt. Ja, nokre meiner at ein skal ha klokkeslett òg! Det han sa, når han fekk det spørsmålet, var: «Då Jesus synte sin kjærleik på Golgata!»

Sitat:
«På korset ser vi virkelig hva han vet om menneskenes hemmelighet», skriv Anselm Grün. «Korset er et bilde på enheten mellom alle motsetningene. På korset kommer Jesus i kontakt med himmel og jord, lys og mørke, det gode og det onde, det bevisste og det ubevisste, kvinne og mann. På korset blir han innvidd i Guds og menneskenes hemmelighet. Fra korset skal han dra alle opp til seg, sier Johannes. På korset er han kongen som lærer oss sannheten, som åpner øynene våre, slik at vi kan forstå årsaken til alt som er til: Gud, som er kjærlighet.» (Grün, side 119)

Men dette er ikkje alt, Kristus er òg...

...Lækjaren. Gjennom heile inkarnasjonen, men då spesielt korset, lækjer Kristus menneska, og eit fint bilete på dette finn ein to stader Johannesevangeliet; Joh 13 og Joh 3.

I Joh 13, starten av Jesu lange samtalar under det siste måltidet, står det at Jesus tok til å vaske beina til læresveinane. Eg ser på dette, ikkje berre som ein typisk «gå-du-bort-og-gjer-like-eins»-ting i diakoniens namn, men òg som eit primært bilete på inkarnasjonen. Jesus bøyer seg ned - og det som møter han, er: stall og krybbe, kors og grav. Han tener menneska - han vasker bort den skitten vi har fått på oss.
Dette bilete bli endå klarare viss vi tenker på dagleglivet i Israel, på Jesu tid. Der gjekk folk stort sett barbeint eller barbeint i sandalane. Difor vart dei svært skitne, og fekk hard og ru hud. Dette er noko dei kunne få sår og infeksjonar i, og her kjem Jesus, lækjaren, inn. Ved å bøye seg ned (inkarnere seg), kan han vaske beina vore - lækje oss. «For Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena,» seier Jesus, «men for sjølv å tena og gje livet sitt som løysepenge for mange.» (Mark 10:45)

Og her kjem den andre bibelstaden, Joh 3:14-15, inn:


  • «Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka,» seier Jesus, «såleis skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.»


For dei som er lite kjent i Bibelen, så viser dette til ein situasjon israelittane var i under ørkenvandringa. Dei ville ikkje lyde Gud, så han sende inn nokre slangar. «Dei beit folk,» står det, «og mange av israelittane døydde. Så kom folket til Moses og sa: Vi har synda, fordi vi har tala mot Herren og mot deg. Be til Herren at han vil ta ormane bort frå oss! Og Moses bad for folket. Då sa Herren til Moses: Lag ein seraform og set han på ei stong. Så skal kvar den som er biten og ser på han, få leva. Så laga Moses ein koparorm og sette han på ei stong. Og kvar gong nokon vart biten av ormane, og han såg opp på koparormen, vart han i live.» (4Mos 21:6b-9)

Jesus er denne ormen, og kvar den som ser på han, blir lækja - og får leva! Dette ser vi òg att andre stader, mellom anna blant grekarane, som hadde ein slange på er jernstong, Asklepios, guden for læking, leganes skytsengel, og forresten del av «logoen» til vårt helsevesen.

Sitat:
«Evangelisten Johannes forstår Jesu død på korset som en opphøyelse», skriv Anselm Grün. «Det er et paradoks. Akkurat der hvor Jesus bøyer seg ned i dødens støv, blir han opphøyd og herleiggjort av Gud... Det er mange som har forbundet korset med et aggressivt og grusomt gudsbilde. De tror Gud forlangte at hans egen sønn skulle dø som en soning for våre synder. Men det er aldri snakk om det i Bibelen. På korset åpenbarer Jesus Gud for oss. Det er en Gud som lider med oss, som går inn i vår smerte. Han tar på seg smerten og forvandler den...
Jesus på korset er den sårede legen. Når han henger på korset, viser han oss dødelige mennesker hvor vi er mest sårbare: Det dødelige såret, det som vi har fått alle sammen, og som har alle andre sår i seg. Johannes sier at et blikk opp på Jesus på korset vil helbrede alle sårene våre.» (Grün, side 105.148.106)


Ja, ein kan seie at Jesus er «le medecine sans frontieres» - legen utan grenser!

SLUTTORD

I Joh 15 ser vi heile denne «dobbelte frelsa» forklart. Jesus er «det sanne vintreet», og det eg tenkjer på først då, er det inderlege forbindinga mellom treet og greinene. «Det er et bilde på det nære forholdet som Jesus har til sine», skriv Anselm Grün. «De troende er greinene som henger på vintreet hans. De får livssafta fra han. Greinene kan ikkje bære frukt uten vintreet. De visner de og faller av. Livssafta strømmer fra vintreet og ut i greinene. Alle som står i forbindelse med vintreet, bærer frukt. Jesus bruker ordet «bli i» når han snakker om dette: «Den som blir i meg og eg i ham, han bærer mye frukt.» (Joh 15,5)» (Grün, side 87-88)

Her ser vi at Jesus tar oss opp i guddommen, som Jesuitten sa:

Sitat:
«Guds vilje med menneskeheten er nettopp å samle den til ett folk, ikke frelse menneskene enkeltvis og uavhengig av hverandre, men en hel menneskehet, en nyskapt forløst menneskehet. Kristus er i seg selven kollektiv størrelse, og på ny må jeg understreke inkarnasjonslæren fordi hele den menneskelige natur tas opp i guddommen.»

"RE: hva syns dere om sex og kjærlighet?" (Jesuitten)


Den andre delen ser vi i vingardsmannen, Faderen, som må reinse/beskjære greinene. For ein som har vore bort i dette før, er det eit enkelt bilete: for at eit vintre skal vere vitalt, må det reinsast - nokre gonger opp til 2/3 av greina. Men denne parallellen var/er meir aktuell for israelittane - og bønder. Ein annan, meir «moderne parallell», som eg trur dei fleste kan relatere til, er kirurgen. Han må av og til skjære/operere bort ting, mellom anna blindtarmen, som i dette tilfelle har ein dobbel funksjon. Den representerar 1) våre feil og manglar - det som Jesus må lækja -, og 2) den er eit bilete på at vi er blinde utan Jesu frelse:



  • «Til dom er eg komen til denne verda,» seier Jesus, «så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.» (Joh 9:39)


Eit anna bilete på Jesus som lege/kirurg finn ein i Salme 51.12: «Gud, skap i meg eit reint hjarta, og nya oppatt ein stø ånd inni meg.»
Som ein kirurg som gjev eit lidande barn sitt nye hjarta, skapar Gud det same i oss - gjennom Jesus, vår lege.

Då avsluttar eg med eit utdrag frå boka «Jesusbilder» av Anselm Grün:

Sitat:

«Korset har forskjellig betydning hos hver av evangelistene. Hos Matteus symboliserer det Jesu ikkevoldslinje. Jesus er den barmhjertige profeten som ikke er ute etter makt. Han blir tatt til fange uten å gjøre motstand, og han lar seg drepe. Hos Markus betyr korset Jesu seier over mørkets makter. Hos Lukas er korset uttrykk for de trengslene vi også må gjennomgå på veien til Guds herlighet. Johannes er vel den som går lengst når han skal tolke korset. Han legger vekt på at Jesus fullbrakte sin kjærlighet til oss på korset. Han innvidde oss i hemmeligheten om Guds kjærlighet. Gud ga oss sin egen sønn, for at vi skulle ha liv i ham. Derfor begynte de første kristne å bruke korset som symbol. Guds kjærlighet kommer klarest til uttrykk gjennom Jesu kors. Samtidig er korset et symbol på alle motsetningene i verden. De første kristne var opptatt av at alt i dem var blitt berørt og helbredet av Guds kjærlighet. Det var ikke noe i dem som ikke var blitt forvandlet av Jesu kjærlighet.
Samme hvor mye vi tolker korset, vekker det anstøt. Det var en skandale at Jesus ble hengt på korset av menneskene, og at han måtte dø en grusom død. Han var jo Messias, Guds sønn. Folk hadde ventet på ham i lange tider. Mange kristne døler at korset er en stor utfordring for gudsbildet deres. Det er mange som har forbundet korset med et aggressivt og grusomt gudsbilde. De tror Gud forlangte at hans egen sønn skulle dø som en soning for våre synder. Men det er aldri snakk om det i Bibelen. På korset åpenbarer Jesus Gud for oss. Det er en Gud som lider med oss, som går inn i vår smerte. Han tar på seg smerten og forvandler den.» (Grün, side 147-148)


Litteratur:
Grün, Anselm: «Jesusbilder» (Verbum Forlag 2004; Verbum spiritualitet)

GUDS FRED!

[Edited on 10-10-2004 by k-mann]




«På korset åpenbarer Jesus Gud for oss. Det
er en Gud som lider med oss, som går inn i vår
smerte. Han tar på seg smerten og forvandler
den.»

– Anselm Grün, Benediktinerabbed
Vis brukerens profil Vis alle innlegg av brukeren
k-mann
Veteran
*****


Avatar


Innlegg: 504
Registrert: 28-4-2004
Bosted: Stanghelle
Brukeren er frakoblet

Humør: Håpar ikkje det er Faderen , Sonen eller Anden de snakkar om... ;)

[*] opprettet den 9-10-2004 kl 22:11
Synd og soning


«Men kva med dei plassane som seier at Jesus er Guds lam (Joh 1:29), offerlammet?», spør mange. «Eller som seier at han døydde for våre synder? Kva med dei?» Ja, dette er eit godt spørsmål, og eg må innrømme at eg lurte på dette sjølv òg, då eg først kom bort i den østkyrkjelege læra. Det første vi må gjere klart, er at den læra ein finn i den romersk-katolske kyrkja og hjå protestantane, spesielt Calvin, ikkje er den einaste rette, bibelske læra. Denne er basert på den bibeltolkinga ein har frå Kartago-skulen i oldkyrkja, då spesielt Augustin og Tertullian.
Sitat:

«Det som kjennetegner denne», skriv Jesuitten (GospelTalk), «er at den benytter seg av juridiske metaforer for å beskrive forholdet mellom Gud og mennesket. Rettferdiggjørelse, skyld og straff og soning, er sentrale begreper. Litt karikert kan vi si at Gud Fader var dommer og Kristus var advokat og den tiltalte var menneskeslekten. Luther og Calvin er klare arvtagere til denne tradisjonen.»

http://talk.gospelsearch.no/dcforum/DCForumID11/369.shtml#41


Antiokia-skulen, den skuleretninga østkyrkja går ut frå, bruker andre metaforar, frå medisinen. Her er paktstenkinga klar. Frelsa, som eg skriv oppfor, blir her ein nyskaping gjennom Guds nådige forvandling ved kjærleiken:
Sitat:

«Metaforer hentet fra medisinen er de sentrale her», skriv Jesuitten. «Kristus er legen som helbreder menneskeheten, eller frigjøreren. Menneskets kall er forening med Gud, å bli deltakere i den Guddommelige natur, denne prosessen kalles theosis.

Denne deltaker tankegangen kan jo illustreres med denne bønnen som blir hvisket på latin under tridentinermessen når vann og vin blandes i kalken før nattverdsbønnen:

”Gud, du som på en underfull måte har skapt menneskenaturens verdighet, og enda vidunderligere har fornyet den; la oss ved den mystiske forening av dette vann og denne vin få del i hans guddom som har verdiget seg til å bli delaktig i vår menneskenatur, din Sønn, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Hellige Ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet. Amen”

(Min oversettelse; vannet har en dobbel symbolikk: den representerer både den gamle pakt og menneskeheten og vinen representer Kristus og den nye pakt, det er blant annet slik jeg mener en bør forstå symbolikken om mysteriet ved bryllupet i Kana… I frelsens kalk er menneskeheten i samfunn med Gud)»

http://talk.gospelsearch.no/dcforum/DCForumID11/369.shtml#41


Altså, så ser ein på frelsa som lækjing, ikkje frigjering frå straff. Men, det er jo ei «straff» i seg sjølv, ikkje å ha samfunn med Gud. Men, i alle fall, så må ein presisere at den læra ikkje fornektar at menneska har synd, og at den må gjerast noko med.

Men ein får eit heilt anna, meir kjærleg, syn på det med dei metaforar ein har frå Antiokia-skulen. Jesus blir, i Joh 1:29, omtala som «Guds lam, som ber verdsens synd!» Det er viktig å presisere at han bar synda allereie der, og ikkje berre på korset. Dermed blir heile inkarnasjonen del av frelsesverket. Dernest må vi presisere at Jesus òg er vår øvsteprest, han som ber fram offeret. Ein prest er ein som står i ein spesiell relasjon til Gud. Han er mellommann mellom Gud og menneska, og han har ein dobbel funksjon: han taler Gud sake til menneska, og menneskas sak til Gud.

«I det gamle testamente», skriv Anselm Grün, «var oppgaven til øverstepresten å bære fram gaver og offer for folk sine synder. Ved å bruke dette bildet, vil forfatteren få fram at Jesus er solidarisk med menneskene. I Hebreerbrevet står det om to hovedproblemer om menneskene har: Ensomheten vår og det et vi er skyldige. Vi føler oss alene i nøden. Da kommer Jesus og forsvarer oss. I ham rekker livet vårt helt inn i det hellige, der hvor Jesus sitter ved den høyre hand til sin far. I dag er det også mange som sliter med skyld og skyldfølelse, slik som det var den gangen på slutten av det første århundret. Når forfatteren snakker om Jesu blod som er utøst for oss, gjør han ikke det for å skape en blodtørstig teologi. Nei, han vil tegne et menneskelig bilde av Jesu solidaritet med mennesker som sliter med skyldfølelse. Jesu blod er et tegn på en kjærlighet som kan rense oss fra både skyld og skyldfølelse.» (Grün, side 123-124)

Altså, ein ser på synda som ein slags sjukdom, ein sjukdom som øydelegg vårt samfunn med Gud. Ein kan, litt banalt, kanskje seie at det er ein eller annan «allergi» som held oss fråskild, og at Jesus måtte gå gjennom den sjukdommen vi må gjennom (menneskelivet), for å bli «immun». Dette er sjølvsagt ein stor forenkling, men det hjelper på forståinga. Offerlammet blir i denne tolkinga ein som tar på seg sjukdommane, presten blir den som ber fram offeret. I Jesus ser vi begge. Han er, som eg påpeika tidlegare, «legen utan grenser», og han tok på seg menneskenatur og levde som eit menneske, med alle oppturar og nedturar dette har, for å føre Gud og menneska saman igjen. Dette vart, som eg påpeika, fullført på korset.
«Ingen har større kjærleik», seier Jesus, «enn den at han set livet sitt til for venene sine.» (Joh 15:13)

I Det gamle testamente, spesielt i Jes 53 («Herrens lidande tenar»), les vi om at den måten Gud sigrar over det vonde, ikkje er ved å kjempe mot det, vere «hard mot dei harde», som det heiter, men ved å la det vonde gjere det verste mot Guds salva, Messias, så at dei vonde kreftene, gjennom hans liding, kan bli uttømd.
«Han strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bod, det som gjekk oss imot. Det tok han bort då han nagla det til krossen. Han avvæpna maktene og herredøma og synte dei ope fram, då han viste seg som sigerherre over dei på krossen.» (Kol 2:14-15)

Sitat:

«Evangelisten Johannes forstår Jesu død på korset som en opphøyelse», skriv Anselm Grün. «Det er et paradoks. Akkurat der hvor Jesus bøyer seg ned i dødens støv, blir han opphøyd og herliggjort av Gud.»

Grün, side 105



Skuldbrevet ser eg på som vår «diagnose», og den gjorde Jesus noko med. «På korset åpenbarer Jesus Gud for oss», skriv Anselm Grün. «Det er en Gud som lider med oss, som går inn i vår smerte. Han tar på seg smerten og forvandler den.» (Grün, side 148)

Han nagla «sjukehusjournalen» vår til korset, og «friskmelde» oss alle saman gjennom si smerte. Og på den måten, gjennom sin store kjærleik, viser han at menneska, i kristendommen, har kjempeverdi, men ikkje stor nok til å frelse seg sjølv. «Eg har sagt», seier Gud: «De er gudar, de er alle søner av Den Høgste. Men sanneleg, som menneske skal de døy, og som ein av hovdingane skal de falla.» (Sal 82:6f)

Dette skiljet frelser Jesus oss frå, og kallar ved sin eigen herlegdom og styrke, «og gjennom dette har gjeve oss dei største og dyrast lovnader, så de ved dei skulle få del i guddommeleg natur…» (2Pet 1:4)


«Du som låg i natti seine, sorgtyngd,
vanvørd og åleine, skjelvande på
såre kne, du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmann frå Getsemane!»

- Jakob Sande


GUDS FRED!

[Edited on 10-10-2004 by k-mann]




«På korset åpenbarer Jesus Gud for oss. Det
er en Gud som lider med oss, som går inn i vår
smerte. Han tar på seg smerten og forvandler
den.»

– Anselm Grün, Benediktinerabbed
Vis brukerens profil Vis alle innlegg av brukeren

  Gå til topp

Powered by XMB
XMB Forum-programvare © 2001-2017 XMB-gruppen