Apologetisk Forum
Ikke pålogget [Logg inn ]
Gå til bunn

Utskriftsversjon  
Forfatter: Tittel: INKARNASJONEN - Om den kyrkjelege Kristus-vedkjenning
k-mann
Veteran
*****


Avatar


Innlegg: 504
Registrert: 28-4-2004
Bosted: Stanghelle
Brukeren er frakoblet

Humør: Håpar ikkje det er Faderen , Sonen eller Anden de snakkar om... ;)

[*] opprettet den 16-7-2004 kl 23:58
INKARNASJONEN - Om den kyrkjelege Kristus-vedkjenning


Kristendommen har – frå mange hald, både kristne og ikkje-kristne – blitt ”refsa” for sin, mildt sagt, radikale teologi – spesielt læra om Jesus Kristus, kristologien. Det eg no vil prøve, er å ”forklare” inkarnasjonen – stort sett ved bruk av Bibelen. Men eg vil òg ty til litt hjelpelitteratur, deriblant Oskar Skarsaunes, etter mitt syn, geniale bok; ”Inkarnasjonen – myte eller faktum?”. Eg håpar dette vil bli til hjelp for å få litt betre ”innsikt” i den kristne teologi.

DET ”UMOGELEGE” DOGMET
Det er vanskelig, om ikkje umogeleg, å forklare inkarnasjonen strengt rasjonelt. Det har eg heller ikkje som mål å gjere, då eg ser på dette som ei trussak. Det same kan ein seie om Gud – det er og blir ei trussak om ein TRUR på han òg.

Grunnen til at eg kallar denne delen for ”det ”umogelege” dogmet”, er at i de tida dogmet vart uforma reint teologisk, så vart dette sett på som umogeleg av dei største religiøse og filosofiske system – jødedommen og hellenismen.*
* ”Hellenismen” er eit vidt begrep som inneber filosofi, mytologi og mykje anna. Så ha i bakhovudet at det kan vera sprikande oppfatningar innan det ”systemet”.

JØDEDOMMEN hadde – og har framleis – eit bilete av Gud. Han er stor og mektig. Og dette bilete er vel det rådande blant dei fleste. Når eg høyrer ordet ”gud” så tenker eg ofte på ein stor, mektig handlekraftig person som, ved eit lite vindpust, slår store hærar sunder og saman. Men når vi les evangelia – spesielt juleevangeliet – så er det ein ting ein legg merke til: nemleg kor audmjuk Gud eigentleg er…
Sitat:

”Hendelsene i julen er beskrevet på rim i julesangene, gjengitt av barn i julespillene, er illustrert på julekort og blitt så velkjente at det er lett å overse budskapet bak dem”, skriv den kristne journalisten Philip Yancey. ”Etter at jeg hadde lest fødselshistoriene enda en gang, spurte jeg meg selv: Hvis Jesus kom for å åpenbare Gud for oss, hva lærer jeg så om Gud gjennom den første julen?
Jeg ble overrasket over de ord-assosiasjoner jeg fikk. Ydmyk, tilgjengelig, underlegen, modig – ord som knapt kan sies å være passende å bruke om en guddom.”

Yancey, Philip: ”Den Jesus jeg ikke kjente” (Luther Forlag Oslo, 1999), side 30


Men kva er det vi tenker på når vi høyrer desse karakteristikkane? Det vil eg no prøve å svare på, ved å gå inn på kvart enkelt ord – og ”meditere” litt over dei.

Audmjuk. Ein kan ikkje akkurat seie at ordet ”audmjuk” er det første ein tenker på når ein høyrer om Gud. Men jula peker mot akkurat det – det som, for mange, kan verka som ein sjølvmotseiing: ein audmjuk Gud. Gud kunne ha proklamert Jesu fødsel med ”pomp og prakt”, med stort ståhei – rett og slett vist at her kjem Gud. Men kva gjorde han? Han let seg føda inn i ei verd i krig, eit usikkert liv – i eit land under okkupasjon av framande makter.

I januar 2004 - då eg avtente (og ramleis avtener) verneplikt i sjøforsvaret - opplevde eg dagen då vår, eventuelle, framtidige dronning Ingrid Alexandra vart fødd. Det vart, naturleg nok, stort ståhei på grunn av dette. Praktflagget måtte opp, og fødselen vart kringkasta i stort sett alle medium i vårt land.
- Men likevel klarte eg ikkje å bry meg noko nemneverdig. Dette hadde ikkje – og har framleis ikkje – noko spesielt å seie for mitt liv. Då blir det nærast absurd å lese om Jesu fødsel. Her kom universets allmektige Herre og skapar – ein som verkeleg fortente stor ståhei når han vart fødd – som eit lite barn, fødd i ein stall – fødd inn i fattigdom. Forstå det, den som kan…

Tilgjengeleg. ”Frykt Gud!” Dette er noko som stort sett er felles for dei fleste religionar, kristendom inkludert. ”Age for Herren er opphav til kunnskap”, står det i Salomos ordtøke. ”Dårar vanvørder visdom og tukt.” (Ord 1:7) Men kva er det vi møter i Jesu fødsel…?
Sitat:

”Jødene assosierte frykt med gudstilbedelse”, skriv Yancey. ”Den brennende busken til Moses, Jesajas glødende kull, Esekiels overjordiske visjoner – et menneske som ble ”velsignet” med et direkte møte med Gud, kunne vente seg å komme ut av det med sår eller brennmerker eller kanskje halvt invalidisert som Jakob. Dette var de heldige: Jødiske barn lærte også historier om det hellige fjell i ørkenen som det var livsfarlig for enhver å berøre. Håndterte du paktkisten på feilaktig vis, ville du dø. Gå inn i Det aller helligste, og du vil aldri komme levende ut.”

Yancey, Philip: ”Den Jesus jeg ikke kjente”, side 32


Og opp i alt dette kom Gud som eit lite spedbarn! Kva er mindre fryktsamt enn eit lite barn? Her – og berre her – fant Gud ein måte å forhalda seg til menneska som ikkje utelukkande omhandla frykt. Gud vart menneske!
”I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud”, skriv evangelisten i Johannesevangeliet. ”Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til… Og ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi så herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1:1-3/1:14)

Underlegen. Det er med ein viss skepsis eg tar fatt i dette ordet. Når eg høyrer om folk som er underlegne, tenker eg som oftast at det er snakk om sosiale taparar – folk som nærast er ”dømd» til å bli offer for urettferd og hån. Men likevel var det desse som vart ”prioritert” av Jesus.

I eit samfunn prega av religiøst konkurranseinstinkt og åndeleg ”jag etter vind”, kom Jesus inn med sin nåderike bodskap – klart retta mot dei fattige og underlegne:
- ”Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna evangeliet for fattige”, las Jesus opp frå profeten Jesajas bok(rull) i Nasarets synagoge. ”Han har sendt meg for å forkynna for fangar at dei skal få fridom og for blinde at dei skal få syn, for å setja undertrykte fri, og ropa ut eit nådeår frå Herren.” (Luk 4:18f)
Etterpå sa han at dette var oppfylt - i han!

Ein av grunnane til at Jesus var på dei underlegne si side, ligg i at han var ”underlegen” sjølv. Dette ser vi klart i inkarnasjonen – i Jesu fødsel:
Sitat:

”Den beste måten å fatte det ”underlegne” ved inkarnasjonen på, er kanskje å overføre den til begreper vi forstår noe av i dag”, skriv Yancey. ”En ugift mor, hjemløs, ble tvunget til å søk ly mens hun var på reise for å imøtekomme de tunge skattekravene fra en kolonimakt. Hun bodde i et land som prøvde å komme seg på bena etter en blodig borgerkrig, men som fremdeles var urolig – en situasjon som langt på vei kan minne om det moderne Balkan, Rwanda eller Somalia. I likhet med halvparten av de mødre som føder i dag, fødte hun i Asia, i det aller vestligste hjørne, den del av verden som skulle vise seg å være minst mottagelig overfor den sønn hun fødte. Denne sønnen ble flyktning i Afrika, den verdensdel der man fremdeles finner de fleste flyktningene.”

Yancey, Philip: ”Den Jesus jeg ikke kjente”, side 35


Og inn i dette kom Gud – Herren over alt – på den mest underlegne måten ein kan tenke seg; som eit lite barn – med konstant behov for stell og kjærleik. Nei, det var ikkje så mange jubelkor der…

Modig. Er Gud modig? Eg kan ikkje akkurat seie at dette er det ordet som først dukkar opp når eg tenker på Gud. Men likevel vitnar inkarnasjonen nettopp om dette. For å forklare dette, vil eg gå til Jobs bok, kapittel 10, der Job utbryt ein klage – ei bøn til Gud:

”Mi sjel er lei av livet! Eg vil la mi klage flyta fritt, eg vil tala av bitter smerte i mi sjel. Eg vil seia til Gud: Fordøm meg ikkje! Lat meg få vita kvifor du strider imot meg! Finn du det godt å undertrykkja, godt at du forkastar det hendene dine har skapt, og at du lèt ljoset skina over planane til dei gudlause? Ser du med manneaugo? Ser du slik eit menneske ser?” (Job 10:1-4)
I inkarnasjonen ser vi Guds svar på denne bøna, på denne klagen: Gud lot seg sjølv føda inn i sitt eige skaparverk, fekk smaka sitt eige skaparverk, og kan seie: ”Ja, eg har sett med menneskeaugo. Eg har sett slik eit menneske ser…”

For litt betre forklaring, vil eg vise eit lite, enkelt bilete - inspirert av (eller snarare forkorta versjon av) ein annan post her på forumet; "Fortelling om lidelse og Jesus":
Sitat:

Vi er komme fram til tidas ende, og folket skal dømast. Då ropar ei jødisk kvinne – som vart torturert i ein tysk konsentrasjonsleir under 2. verdskrigen: ”Korleis kan Gud dømme oss? Har han levd under våre kår?” Ein svart mann, som vart mishandla under apartheidstyre i Vest-Afrika, ropar: ”Sjå på desse såra! Dei fekk eg fordi eg var svart!” Fleire klager kjem fram, og folket krev at Gud òg bør få føle dette på kroppen.

”La han bli fødd som jøde under romersk okkupasjon - med tvil om farskapet”, ropar dei. ”La han vidare få ei oppgåve så vanskeleg at familien trur han er gal, la han så bli sviken av sine næraste, og deretter bli dømd pga fordommar, så piska og slått – for deretter å dø ein fornedrande død, framføre mange!” Då dei hadde ropt ut dette gjekk det opp for dei at han nettopp har vore gjennom dette – som Jesus Kristus!


Ja, Gud var modig!
::::::

HELLENISMEN, som var ein gryande, levande kultur på Jesu og apostlanes tid, var svært forankra i arva etter Platon. Og Platon var, som mange sikkert veit, den som førte Sokrates’ idélære ”ut til folket”. Idélæra viser, kort fortalt, eit dualistisk syn å verda som legg vekt på at den verda vi lever i her er ei bleik kopi av ein høgare ”idéverd”. I denne ”idéverda” ligg dei evige, perfekte ideane. Alle hestar, til dømes, er kopiar av ideen ”hest”. For å forklare dette betre, legg eg ved eit bilete av Platons linjelikning – som forklarar dette betre:
http://folk.uio.no/helenefs/filosofi/lignelse.JPG

Då kan vi seie at inkarnasjonen er umogeleg, sett med platonske auge. Men dette er ikkje heile den hellenistiske kulturen. Ein annan del, den ”guddommelege”, hadde eit anna syn. Der finn vi mange historier om gudar som har vandra på jorda. For å forklare det betre, vil eg bruke ein historie frå Apg 14:
”I Lystra sat det ein mann som var lam i føtene. Han var vanfør alt frå han vart fødd, og hadde aldri kunna gå. Denne mannen høyrde Paulus tala. Og Paulus såg nøye på han, og då han såg at han hadde tru til å verta lækt, ropa han: Reis deg og stå på føtene dine! Då spratt han opp og gjekk ikring.
Men då folket såg det Paulus hadde gjort, tok dei til å ropa på lykaonisk: GUDANE ER VORTNE LIK MENNESKE og er komne ned til oss! Dei kalla Barnabas for Zevs og Paulus for Hermes, av di det var han som førde ordet. Og presten i Zevs-templet som låg utanfor byen, kom til porten med oksar og kransar, og ville ofra saman med folkemengda.

Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kleda sine og sprang ut i flokken og ropa: Kva er det de gjer, folk? Vi er òg menneske under same kår som de. Og vi forkynner dykk evangeliet, at de skal venda dykk frå desse falske gudane og til den levande Gud, han som gjorde himmelen og jorda og havet og alt som i dei er. I farne ætters tid har han late heidningfolka vandra sine eigne vegar. Men han lét ikkje vera å gje vitnemål om seg sjølv. Han gjorde vel. Frå himmelen sende han dykk regn og grøderike årstider, og han metta hjarto dykkar med føde og glede.
Ved å seia dette fekk dei med naud og neppe hindra folket i å ofra til dei.” (Apg 14:8-18, mi utheving)

Det som er interessant med denne teksten er at det står at gudane var LIK menneske, ikkje at dei vart menneske. Og kva står det i Joh 1:14, om Ordet – Jesus?
”Og Ordet VART KJØT og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.”

Difor kan ein seie at inkarnasjonen ikkje er mogeleg på hellenistisk grunnlag heller…
_______

INKARNASJONENS RØTER
Men likevel om inkarnasjonen for ein jøde var umogeleg, er det likevel til det gamle testamenet og til seinare jødisk litteratur ein går for å finna bakgrunnen.
Sitat:

”Som kjent er det bare ett eneste vers som direkte omtaler inkarnasjonen, nemlig Joh 1, 14”, skriv Oskar Skarsaune. ”Ellers utrykkes saken indirekte gjennom utsagn om Jesu preeksistens, noen ganger sammenstilt med utsagn om hans verk som menneske. Vi ser foreløpig bort fra «Johannesprologen» (Joh 1,1-18), og sammenstiller helt kort noe av de andre preeksitens- og inkarnasjonstekster:” (eg skriv versa på nynorsk…)

Skarsaune, Oskar: ”Inkarnasjonen - myte eller faktum?” (Lunde Forlag 1988), side 22


…så finst det for oss berre éin Gud, Faderen. Av han er alle ting, og vi er til for han. Og det er berre éin Herre, Jesus Kristus. Ved han er alle ting, og vi er til ved han. (1Kor 8:6)
Han er eit bilete av den usynlege Gud, den fyrstefødde framfor all skapning. For i han er alt skapt, i himmelen og på jorda …alt er skapt ved han og til han. Han er før alle ting, og alt står ved lag ved han…
Han er opphavet, den fyrstefødde av dei døde, så han i alt skal vera den fremste. For det var Guds vilje å la heile fullnaden sin bu i han, og forlika alle ting med seg sjølv ved han då han gjorde fred ved blodet på krossen hans, – ved han, anten det er dei som er på jorda, eller dei som er i himmelen. (Kol 1:15-20)
har han no i desse siste dagar tala til oss gjennom Sonen. Han har han sett som arving til alle ting. Ved han har han òg skapt verda. Han er avglansen av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han held alle ting oppe ved sitt mektige ord. Etter at han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgra handa åt Majesteten i det høge. ()
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk… ()

Det vi ser her, er at Jesus er Gud, og at han er preeksistens – og at han er medskapar. Men dette er vel uhøyrt innan jødedommen. Jo, det er sant. Men dette beror meir på misforståing enn rett lære. Slår ein opp i Ordtøka, kapittel 8, finn ein ut at tanken om medskaparar er kjent i GT:
”Eg var i Herrens eige då hans veg tok til, før hans verk i fordoms tid. Frå æva har eg vorte til, frå opphavet, før jorda var. Då djupa endå ikkje fanst, vart eg fødd – då det endå ikkje var kjelder fylte med vatn. Før fjella vart senka ned, ja, før haugane vart eg fødd, før han hadde skapt jord og mark og den fyrste moldklumpen på jorda.
Då han bygde himmelen, var eg der, då han teikna ein kvelv over djupet, då han feste skyene der oppe, då han batt kjeldene i avgrunnen, då han sette ei grense for havet, så vatnet ikkje skulle gå lenger enn han baud, då han la grunnvollane til jorda – då var eg hjå han som kunstnar, dag etter dag var eg hans hugnad, og eg fryda meg alltid for hans åsyn. Eg fryda meg på heile hans vide jord, og hadde mi glede i menneskeborna.” (Ord 8:22-31)

:::::::

Viss denne Visdommen, som er ”eg” i teksten, blir bytt ut med Jesus, fell ein del brikker på plass. Jesus er Gud – han er Guds ord og Guds visdom. Han er medskapar. Men står det noko om at denne skulle bli inkarnert?
Sitat:

”Visdommen hadde del i Guds skaperkrefter”, skriv Skarsaune. ”Visdommen formidlet Guds ord til profetene, ja, Visdommen var Guds skaperord. Visdommen kjente åndeverdenens hemmeligheter, og det var ved Visdommen Salomo hadde makt over åndene, ifølge den jødiske tradisjon. Og som vi så: Visdommen ble identifisert med Loven. Når Jesus sa: Dere har hørt det er sagt (nemlig i Loven), men jeg sier dere…, da henter han ikkje sin autoritet fra Loven, han som om han er den autoritet som også taler i Loven.

De skriftlærde kunne si: Ta ovens åk på dere, så vil Gud gi dere hvile. Jesus sa: Kom til meg, alle dere som strever og bærer tunge byrder, så vil jeg gi dere hvile. Ta mitt åk på dere, og lær av meg, for jeg er tålsom og ydmyk av hjertet, og dere skal finne hvile for deres sjeler. For mitt åk er godt og min byrde lett. (Matt 11,28-30)

Det kan etter mitt skjønn ikke være tvil om at Jesus selv har opptrådt på en måte som gjorde en identifikasjon av ham og Visdommen uunngåelig. Den suverene autoritet Jesus opptrer med i forhold til Loven kunne i et lovfromt jødisk miljø bare forstås og aksepteres dersom det ble erkjent at Jesus selv hørte hjemme i samme teologiske kategori som Loven, eller rettere: at han var den som med rette hørte hjemme der, og at Loven måtte forstås ut fra ham og ikke omvendt. Men da måtte Jesus forstås som den som i sin person sammenfattet hele Guds frelsesplan, han måtte på samme måte som Visdommen og Loven hittil hadde gjort, sammenfatte i seg selv skapelse og forløsning, skapelse og nyskapelse. Han som sa om seg selv det man var vant til å si om Visdommen eller Loven, han kunne ikke forstås som mindre enn Visdommens inkarnasjon.

Den nytestamentlige inkarnasjonstro må forstås på jødisk bakgrunn, nærmere bestemt som den eneste mulige reaksjon i et jødisk miljø på den historiske Jesu suverene krav på å være den absolutte autoritet i forhold til andre autoriteter, kort sagt: Hans krav på å være Lovens autoritet in persona.
Og la meg her legge til en sak. Som jeg understreket ovenfor, hadde det jødiske visdomsbegrep gjennom identifiseringen med Loven også kommet til å omfatte tempelgudstjenesten, ja, det sonende aspekt ved tempelgudstjenesten. Når Jesus funksjonelt gjennom sine ord og sine handlinger går inn i Lovens rolle, må vi huske at det sonende offer stod sentralt i den Lov Jesus og hans samtidige forholdt seg til, jfr. Matt 5,23f. Skulle Jesus være den levende Lov og Guds Visdom for sitt folk, da var det vel ikke så ubegripelig at Guds visdom i ham måtte omfatte korsets dårskap. Da gir det mening at han som i egenskap av visdommen oppholder verden ved sitt mektige ord (Heb 1,3) også måtte være vår øversteprest.” (Alle uthevingar gjort av forfattaren)

Skarsaune, oskar: ”Inkarnasjonen - myte eller faktum?”, side 33-34


Så difor er inkarnasjonen den store dårskap. Gud var liten – han vart Herrens lidande tenar, som ein kan lese om i Jes 53 – og dette er og blir uakseptabelt for mange…

Då avsluttar eg med to Bibelstader; Joh 1.1-3.14-18 og 1Kor 1:17-25

”I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til… Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.
Johannes vitnar om han og ropar: Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen føre meg, av di han var før meg. For av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. For lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. Ingen har nokon gong sett Gud. Den einborne Sonen, som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.”

”For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med vise ord, så Kristi kross ikkje skulle missa si kraft. For ordet om krossen er vel dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. For det står skrive: Eg vil tyna visdomen hjå dei vise, og vitet hjå dei vituge vil eg gjera til inkje. Kvar er ein vismann? Kvar er ein skriftlærd? Kvar er ein granskar i denne verda? Har ikkje Gud gjort visdomen åt verda til dårskap? For då verda ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved dårskapen i forkynninga.
For jødar krev teikn og grekarar søkjer visdom, men vi forkynner Kristus krossfest, ei avstygging for jødar og ein dårskap for heidningar. Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, forkynner vi Kristus, Guds kraft og Guds visdom. For Guds dårskap er visare enn menneska, og Guds veikskap er sterkare enn menneska.”

GUDS FRED!

[Edited on 11-8-2004 by k-mann]

[Edited on 15-8-2004 by k-mann]




«På korset åpenbarer Jesus Gud for oss. Det
er en Gud som lider med oss, som går inn i vår
smerte. Han tar på seg smerten og forvandler
den.»

– Anselm Grün, Benediktinerabbed
Vis brukerens profil Vis alle innlegg av brukeren

  Gå til topp

Powered by XMB
XMB Forum-programvare © 2001-2017 XMB-gruppen