«Dei fleste predikantar har forsnakka seg. Underteikna er ikkje noko unntak. Eg får nemna den gongen på eit teltmøte at eg ved innleiing av prediken
byrja såleis: “La oss folla knenå og be”. Det var vel litt vanskeleg etterpå å halda seg alvorleg. Ei som heitte Gurine som var på dette møtet tykte
dette var overlag morsomt og fortalde det mange stader kva eg hadde sagt. Men plutseleg gjekk ho i baret sjølv då ho i ein andakt byrja slik: “La oss
folla hendene og lukka håve.”»