Originally written by Øystein Vik, Dagen
Då teolog og lærar på bibelskulen i Grimstad, Kjetil Vestel Haga (34), fekk elevar som mangla den mest elementære bibelkunnskap, tok han
affære.
Av Øystein Vik
Difor skreiv han boka «Voksenkatekismen» saman med prest Harald Kaasa Hammer. Det er ei bok som på ein enkel måte tek for seg dei mest sentrale
elementa i kristendomen; Fadervår, truvedkjenninga, dåp, nattverd og dei ti boda.
– Me merka at det trengs ei grunnleggjande trussopplæring for vaksne i vår tid. Kristendomen står ikkje så sterkt som den gjorde, og folk kan ikkje
dei mest kjende historiene frå Bibelen lenger. Men det må dei for å kunna læra opp neste generasjon i kristen tru, seier medforfattar av
«Voksenkatekismen», Kjetil Vestel Haga.
Han reagerte då elevane han hadde på bibelskulen i Grimstad ikkje kjende til velkjende historiar som likninga om den bortkomne sonen.
Boka han no har skrive saman med Harald Kaasa Hammer tek difor sikte på å gje folk ei innføring i viktige delar av kristendommen. Men tilpassa vår
tid, og med rot i kvardagssituasjonar ein opplever i dag.
– Me har teke utgangspunkt i Luthers lille katekisme og gjort den om til ei 2004-utgåve. «Voksenkatekismen» lærer folk opp i kristendommen ved å først
snakka om situasjonar folk kjem opp i i dag. Som til dømes det å vera fadder, seier Vestel Haga.
Vik, Øystein: "Elev hadde ikkje høyrt om Moses" |