k-mann - 8-5-2004 kl 00:00
"For nesten to tusen år siden", skriv forfattaren Riane Eisler, "vandret en mild og barmhjertig ung jøde ved navn Jesus langs
bredden av Genesaretsjøen og talte sin tids herskere midt imot – ikke bare de rike og mektige, men også de religiøse autoritetene – fordi de utbyttet
og undertrykte folket i Palestina. Han forkynte den universelle kjærlighet og lærte folk at de som var ydmyke, beskjedne og svake en dag skulle arve
jorda. I tillegg til dette avviste han ofte i både ord og gjerning den underdanige og avsondrede rolle som hans kultur tildelte kvinnene. Jesus ferdes
helt åpent blant kvinner, noe som i seg selv var en slags vranglære på hans tid, og forkynte åndelig likhet mellom alle."(1)
Alt dette vil eg – som kristen – seie meg einig i. Jesus gleda seg over enkel tru – som ein tildømes ser i Matt 11:25 –, men slo hardt ned på hjarte
–og kjenslelause loviske gjerningar. Han vandra – som Eisler påpeika – opent blant kvinner, og forkynte den universelle, guddommelege kjærleiken. Og
der ligg den store forskjellen.
"De andre guder av sterke", skriv Edward Shillito, "men du var svak. De red, du snublet deg til tronen; men til
våre sår kan bare Guds sår tale, og ingen annen Gud har sår enn du."(2)
URKRISTENDOMMEN
"Ethvert forsøk på å forstå kristendommens opprinnelse", skriv sosialpsykologen Erich Fromm, "må begynne med en undersøkelse av den
økonomiske, sosiale, kulturelle og psykiske situasjon de første kristne levde i."(3)
Eg er delvis einig i det Fromm påpeiker her. Han - som ikkje er kristen, men det han sjølv karakteriserte som ein "ateistisk mystikar" -
skreiv dette i sosialpsykologiens namn. For dei som ikkje er inni "gamet", så er sosialpsykologi (i alle fall på Fromms tid) ein blanding av
Freuds psykoanalyse og Marx' sosiale analyse.
Fromm meiner at kristendommen gjekk gjennom ein utvikling frå eit opprør mot autoriteten til å bli autoriteten sjølv.
Kristendommen - som var dei undertrykte og fattige sin religion - vart fort endå eit middel for makteliten.
"STORINKVISITOREN"
I Fjodor Dostojevskijs epos "Brødrene Karamasov" (bind I) står det eit dikt - eller ein legende, om du vil - som heiter
"Storinkvisitoren".
I den legenda kjem Jesus til byen Sevilla på 1500-talet, under dei verste kjettarforfølgingane. Han går taus og forkledd gjennom gatene, men blir
"straks gjenkjent".
Han byrjar å lega folk: ein blind mann får synet tilbake og ei lita jente blir vekka opp frå dei døde. Byens kardinal – "storinkvisitoren"
–, ein stolt "nesten nittiårig olding, høg og rank" ser desse gjerningane – og beordrar sine menn til å arrestere Jesus.
Jesus blir satt på forhøyrd, og kardinalens største klage er Jesu vekt på fridomen, som – i følgje "storinkvisitoren" – er hans største
feil. Han burde, seier han, følgt "råda" til "den store ånda" - som er hans namn på djevelen –, nemleg "underet, mysteriet og
autoriteten".
Desse "råda" (freistingane i øydemarka) – som kan kokast ned til eit velkjent kampmiddel; "brød og sirkus" – blir av
"storinkvisitoren" karakterisert som ein sjølvfølgje, og føyer til ei "kraftsalve":
"Du har ikke annet å by menneskene enn et løfte om en frihet som disse enfoldige og opprørske skapningene ikke er i stand til å
forstå: de frykter denne friheten, for ingenting er så uutholdelig for mennesket og det menneskelige samfunn som friheten! Men ser du disse stenene i
den golde, brennhete ørken? Gjør dem til brød, da vil menneskeheten løpe etter deg som en hjord, takknemlig og lydig."(4)
Kyrkja – og spesielt inkvisitorane –, seier "storinkvisitoren", ser det som si oppgåve å "rette opp" denne "feilen". Dei
vil gje folk éit val – som fjernar all fridom –; bli kristen eller dø!
Historia er full av bestialske – og ikkje minst ugudelege – handlingar på annleis truande (og politiske "fiendar" frå kyrkjeleg hald. Jesus gjekk då – i folkets auge – frå "opprørar til
undertrykkar"(5), og vart knytt til hat, ikkje kjærleik.
Døma er - beklageleg nok - mange: Jean Calvins Genéve, england under den blodige Mary (som har gjeve namn til drinken "Bloody Mary", og den "fromme" Filip II av Spania.
"Den "fromme" Filip II av Spania", skriv Penemue (på forumet GospelTalk), "kokte levende kjettere i olje
fortelles det. Og Maria den blodige av England resonnerte slik: "Ettersom kjetternes sjeler skal brenne evig i helvetes ild, kan intet være
riktigere enn at jeg etterligner den guddommelige rettferdighet ved å brenne deres legemer her på jorden"."(6)
Vi bør legge vekt på kjærleiken, ikkje hatet!
Noter:
1. Eisler, Riane:
"Begeret og sverdet: Kjønn og kultur" (PAX Forlag 1994), side 140
2. Yancey, Philip:
"Den Jesus jeg ikke kjente" (Luther Forlag, Oslo 1999), side 240
3. Fromm, Erich:
"Kristus - fra opprører til undertrykker" (PAX FORLAG A/S, 1969), side 35
4. Dostojevskij, Fjodor:
"Brødrene Karamasov, bind I" (Solum Forlag, Oslo 1993), side 321-322
5. Fromm, Erich:
"Kristus - fra opprører til undertrykker", side 35
6. Penemue (på forumet GospelTalk):
"En ny reformasjom vil komme!"
GUDS FRED!
k-mann - 8-5-2004 kl 00:02
"Kjærleiken er tolmodig, er velvillig. Kjærleiken misunner ikkje. Kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp, gjer ikkje noko
usømeleg, søkjer ikkje sitt eige, vert ikkje bitter, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanning."
(1Kor 13:4-6)
GUDS FRED!
k-mann - 8-5-2004 kl 00:05
"Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer deg selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
du har ikke lov til å gå der og glemme!"
(Arnulf Øverland, frå diktet "Du må ikke sove".)
Diktet finn du her:
"Du må ikke sove"
GUDS FRED!
Jesu bodskap og oppdrag...
k-mann - 27-7-2004 kl 10:16
Eg trur Jesus kom til jord med to ting på "agendaen" - primært, i alle fall. Dette var:
For for frelses skuld...
For etikkens, kjærleiken til Gud og menneska, skuld...
Og desse to er svært samanknytt. La oss sjå litt på det:
1. For for frelses skuld...
Det er to tekstar som er vesentlege her. Den første (eller heller dei første), tatt frå 1. Mosebok, viser oss synda - og kva straff dette gjev. Den
andre teksten, henta frå Lukas (og Jesaja), viser oss frelsa:
"Og Gud Herren baud mennesket: Du kan fritt eta av kvart tre i hagen, men treet til kunnskap om godt og vondt, må du
ikkje eta av, for den dagen du det gjer, skal du visseleg døy...
Men ormen var listigare enn alle dyr på marka, som Gud Herren hadde gjort, og han sa til kvinna: Har Gud verkeleg sagt:
De skal ikkje eta av noko tre i hagen? Kvinna svara slangen: Vi kan eta av frukta på trea i hagen, men om frukta på
treet midt i hagen, har Gud sagt: De skal ikkje eta av henne og ikkje røra henne, for då døyr de. Då sa ormen til kvinna: De kjem slett ikkje til å døy! Men Gud veit at den dagen de et av det, vil augo dykkar verta opna, de vil verta som Gud og kjenna godt og
vondt. Kvinna såg no at treet var godt å eta av, at det var ein hugnad for augo - eit framifrå tre, sidan det kunne gje vit. Så tok ho av
frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var med henne, og han åt...
Og Gud Herren sa: Sjå, mennesket har vorte som ein av oss til å kjenna godt og vondt. Berre han no ikkje retter ut handa og
tek av livsens tre, og et og lever i all æve! Så viste Gud Herren han ut or Edens hage og sette han til å dyrka jorda, som han var teken av.
Han dreiv mennesket ut, og austanfor Edens hage sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga hit og dit for å vakta vegen til livsens
tre."
(1Mos 2:16-17/3:1-6.22-24)
Synda, i dette tilfellet ursynda, uropprøret mot Gud, vart straffa med død. Mange seier dette er vondt. Men tenk etter: Gud er livets oppretthaldar,
ja han er livet sjølv. Jesus, som sjølv er Gud, seier jo at han er "vegen, sanninga og livet..." (Joh 14:6). Difor, viss ein snur ryggen til
Gud, så snur ein ryggen til livet.
Då er det fint å lese teksten frå Lukas:
"Jesus vende attende til Galilea fylt av den krafta Anden gav han, og gjetordet om han kom ut i heile landet der ikring. Og han lærde i
synagogene deira, og fekk ros av alle. Og han kom til Nasaret, der han var oppfostra. På sabbatsdagen gjekk han inn i synagoga, slik han bruka gjera,
og han stod opp for å lesa for dei. Dei gav han då boka til profeten Jesaja, og då han hadde opna boka, fann han staden der det står skrive: Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna evangeliet for fattige. Han har sendt meg for å forkynna for
fangar at dei skal få fridom og for blinde at dei skal få syn, for å setja undertrykte fri, og ropa ut eit nåde år frå Herren. han lét att
boka, gav henne til tenaren og sette seg. Alle som var i synagoga, hadde augo sine feste på han. Så tala han til dei, og byrja såleis: I dag har dette skriftordet vorte oppfylt for øyra dykkar. Alle lét vel om han og undra seg over dei nådeorda som kom frå
hans munn. Og dei sa: Er ikkje dette son til Josef? Då sa Jesus til dei: De vil sikkert
seia dette ordtaket til meg: Lækjar, læk deg sjølv! Alt det som vi har høyrt har hendt i Kapernaum, gjer det her på heimstaden din òg! Men han
sa: Sanneleg seier eg dykk: Ingen profet vert godteken på heimstaden sin. Sanneleg seier eg dykk: Det var mange enkjer i
Israel i Elias' dagar, den gongen himmelen vart stengd i tre år og seks månadar, då det kom stor hungersnød over heile landet. Men Elias vart
ikkje send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. Og det var mange spedalske i Israel på profeten Elisas tid. Men ingen av dei
vart reinsa, berre syraren Na´aman. Alle i synagoga vart fulle av harme då dei høyrde dette. Dei reiste seg og dreiv han ut or byen, og førde
han bort mot stupet av dte fjellet byen deira var bygd på, for å støyta han utfor stupet. Men han gjekk midt gjennom flokken og drog bort."
(Luk 4:14-30)
Eit nådeår frå Herren, ein nåde som vart fullenda på krossen!
2. For etikkens, kjærleiken til Gud og menneska, skuld...
Dette fører oss over til neste punkt.
Gjerningar i kjærleik SKAL komma som frukt av trua. Men mange snur dette, og seier at trua skal komma som frukt av gjerningar i kjærleik. La oss ta
eit døme, dei ti bod. Gud byrja med dette: "Eg er Herren din Gud, som førde deg ut o Egyptarlandet, or trælehuset." (2Mos 20:2) Så kjem
boda. Altså utfriinga frå Egypt (bilete på frelsa) kom FØR lova. Altså kjem Jesu bod etter frelsa! Dette er inspirert av andakten "Frigjøreren" av Per Eriksen, teolog og journalist i Vårt Land.
___________
Poneget er kort og godt dette:
Jesus kom for 1) å dø for våre synder, fordi vi ikkje klarar å leve opp til Guds stadard, og 2) for å setje fokus på umoralen i samfunnet - og lære
folk å elske. Det er mange som tar feil, og set all fokus på del 2 - spesielt innan gnostisk-inspirerte krinsar. Dette blir feil - vi klarar ikkje
leve opp til Guds mål, vi må ta til oss desse orda:
"Alle har synda og står utan ære for Gud... For den løna synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre."
(Rom 3:23/6:23)
GUDS FRED!