Hamas opererte i lang tid med sjølvmordsbombarar som gjekk inn i folkemassar og sprengde seg sjølv og 20 til 30 andre menneske i lufta. Skulebussar og
skulebarn vart tatt på den måten. Dette har ikkje noko med motstand å gjere, det er rein terror.
Ulstein seier at det er eit kjenneteikn ved Hamas, Hizbollah og PLO at dei ikkje går til åtak på militære, men på uvæpna sivile.
– Det finst ikkje noko døme på at noko norsk motstandsrørsle gjorde det. Vi gjekk ikkje til åtak på korkje sivile tyskarar eller militære
tyskarar. Vi gjekk til åtak på reiskapa deira, og då kunne det gå militære liv og sivile liv. Men det primære mål var ting av militær interesse og
verdi.
Ulstein seier at det var mogleg å aksjonere for å demoralisere dei mange tusen sivile som tyskarane hadde i teneste i Noreg.
– Men ingen motstandsmann prøvde å skape frykt ved å gå laus på sivile. Det hende aldri. Det er så stor skilnad og så lang avstand mellom oss og
Hamas som frå pol til pol, seier han. |