For eg [Kristus] er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg. Og det han vil, han som sende meg,
er at eg ikkje skal mista nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. For det vil Far min, at
kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen... Ingen kan koma til meg
utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen... Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom
de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg
skal reisa han opp på den siste dagen. For kroppen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. |