3 Mos 19, 31 Gå ikkje til deim som manar fram draugar og spåvette! Lat deim ikkje spå dykk; for med de gjer de dykk ureine. Kom i hug: eg er Herren,
dykkar Gud!
2 Mos 22, 18 Ei trollkjerring skal du ikkje lata liva.
Jes 2, 6 Du hev støytt frå deg folket ditt Jakobs ætt, for di dei er fulle av trolldom frå Austerland og driv med spådomskunster som
filistarane, og gjer samband med framande folk.
2 Krøn 33, 6 Han vigde sønerne sine i elden i Hinnomssons-dalen og for med spådom og trolldom og runing og fekk seg tinga folk til å mana
draugar og spåvette; han gjorde mykje som vondt var i Herrens augo og harma honom.
Mal 3, 5 Eg kjem til dykk og held dom og vert eit snøgt vitne mot deim som fer med trolldom, som bryt egteskapet, som gjer rang eid,
som held att løni for leigekaren, som er harde med enkja og den faderlause, som rengjer retten for utlendingen og ikkje ottast meg, segjer Herren,
allhers drott.
Gal 5, 20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, kiv, ovund, vreide, stridssykja, rivalisering, parti..
Op 18, 23 og lys av lampe skal ikke mere skinne i dig, og røst av brudgom og brud skal ikke mere høres i dig; for dine kjøbmenn var stormennene på
jorden, fordi alle folk blev ført vill ved din trolldom.
Op 9, 21 Og dei vende ikkje um frå mordgjerningarne sine eller frå trolldomskunsterne sine eller frå hordomen sin eller frå tjuvskapen sin.
Mi 5, 11 Og eg vil rydja alle trolldomskunster utor henderne på deg; og spåmenner skal ikkje lenger finnast hjå deg.
Dan 4, 7 So kom då runemeistrarne, manararne, kaldæarane og stjernetydarane, og eg fortalde deim draumen; men dei kunde ikkje segja meg uttydingi på
honom.
|